Thursday, March 20, 2008

Taien jaktlag veit kor haren hoppar!



Når norwegian legger ut billig-billetter er det bare ein ting å gjere: Ta fram almanakken og press, med stor kraft, inn ein tur på jakt til Sørøya! Dette gjorde yngste brødrene Susort. Hårfin balansering mellom obligatorisk fravær og eksamen på universitetet gjorde at me kunne reise ut på eventyr i vinterkledde Finnmark.

Billigbilletter er eit relativt begrep, og med litt komplikasjoner på Flesland gjorde at billetten til yngstebror Susort vart ein høvding og to dyrare. Med ei litt lettare lommebok landa me på Alta lufthavn godt fornøyde over å vere tilbake i Finnmark!

På Øytun vart me teke godt imot. Her fekk me både kaffislaberas, kost og losji. Torsdag morgon sette me kursen mot sørøya. Allerede etter ein times lang gåtur med ski, sekk og pulk hadde me observert 3 hare og 5 ryper, noko som gjorde at me begge fekk ei voldsom kløe i høgre peikefinger for å sei det sånn..

Fredag, lørdag og søndag var det jakt frå morgon til kveld.

Hare spratt
inn i kratt
hare datt

Med rifle og hagle var me eit bra og effektivt jaktlag og sjølv om mange harar klarte å lura oss begge lærte me etter ei stund kor haren hoppar. Dette resulterte i kjøtt i gryta kvar dag..

Etter gode dager på eventyr i finnmark måtte me tilbake til plikter som kalla. Sveinung måtte reise med første fly til trondheim for å rekke ein eksamen. Korleis denne eksamenen gjekk det kan ein tenke seg når eksamenslesinga var harejakt frå morgon til kveld..

Takk for ein flott tur og god Påske!

Sveinung med sekken full og vel så det..



Teltliv på vinteren er luksus!


Pulken var god til å frakte fangst og utstyr!

Endeleg rypemiddag!