Sunday, January 20, 2008

Storbukken på Nesheim


For å spe på med den dårlege fellingsprosenten i jaktlaget i år, har me kjøpt ein bukk og to geiter til mr. John. Han driv no storstilt avl, men har signalisert at bukken lever på lånt tid. Geitene er ferdig kryst, så då er det berre å rydja han or vegen. Han går berre der å et bark og luktar brunost likevel.. Siste nyhenda er at tambukkjakta startar og sluttar rundt påsketider.

Taien Jaktlag 2007: eit tilbakeblikk på fiskefronten


I ledige stunder, hender det at Taien Jaktlag tek seg tida til å fiske litt for å kople av frå jakt og fangst. 2007 vart eit kronår for fisket i bekken. Det hender laget dreg ut og driv fisketeljing i bekken. I år løyste me ein koden i bekken. Ein kode me har streva med i snart 15 år. Kor er storfisken om hausten? Når går han opp?
Svaret står skrive på biletet. Til lesarane si opplysing kan me fortelja et den var langt over kiloen, og er å få i vatnet til sommaren.

Rådyrbukk på målstreken


Nokre ting er berre for godt til å vere sant. Draumar til dømes. Min draum på litle julafta var å skyta rådyrbukken i skogen, som har drive gjøn med oss i heile haust. Med 3 rådyr og to hjort bankande på samvitet, var det nesten pinleg å stå opp til sesongens siste jaktdag utan å ha felt eit einaste hjortevilt.



Me kom oss aldri i skogen for då mor signaliserte morgonstemning, så gjekk ikkje mindre enn 4 feite rådyr 300 meter frå skytegluggen på rommet. Dersom Jesus var den største gåva på julekvelden, så var i alle fall dette den største på lille julafta!



Medan jakthovding John Ragnar vakta dyra med kikkert og GPS, sneik S og E seg rundt i graset og venta på at rådyra skulle ta seg ei matpause.
Dei et vanlegvis 4 gonger i døgnet, og kviler seg imellomtida.
Mellomtida blei lang, og endte med at Eivind tok motet til seg, og gjekk ned i vasskanten og skaut den største bukken i historia. 19 kg slaktevekt, 1 cm tjukkt feittlag, og eit gevir som ikkje var større en ein tommelfinger.

Mira Craig



Mira er den einaste jakthunden i jaktlaget foreløpig. Ho er ei ruvande pointertispe som aldri har jakta så godt som ho gjorde i finnmark i 2005. Like før jul viste jo gamle takter. Denne gongen på rugder i rugdeskogen på Nesheim. 20 fuglearbeider med ein felt fugl og tre skot, var resultatet, og Taien Jaktlag kjenner dei er svært stolte over å ha fostra opp ein slik formidabel hund.



Mira er nokså treig til å reisa fugl, fordi ho er stappfull av respekt for viltet, men når skotet går, går også alle sikringar for ein liten augneblink.
Stilen i stand er det derimot ingenting å seie på..


Sunday, January 06, 2008

Seint men godt!

Vil skildre denne siste jaktdagen på lille julafta med eit moderne dikt.


Sol gjennom vinduet

Rådyrflokk i kikkerten

Slapp å ete frukost.


Snik gjennom kvist og kvast

Pappa guider fra stova

2 jegere på post.


Beskjed på øyra

ser etter øyra


8 øyre

3 skudd

1 gevir

Avslappa og flott Julehøgtid!




takk for eit flott år!