Sunday, January 20, 2008

Mira Craig



Mira er den einaste jakthunden i jaktlaget foreløpig. Ho er ei ruvande pointertispe som aldri har jakta så godt som ho gjorde i finnmark i 2005. Like før jul viste jo gamle takter. Denne gongen på rugder i rugdeskogen på Nesheim. 20 fuglearbeider med ein felt fugl og tre skot, var resultatet, og Taien Jaktlag kjenner dei er svært stolte over å ha fostra opp ein slik formidabel hund.



Mira er nokså treig til å reisa fugl, fordi ho er stappfull av respekt for viltet, men når skotet går, går også alle sikringar for ein liten augneblink.
Stilen i stand er det derimot ingenting å seie på..


1 comment:

Anonymous said...

Hei. Må sei dokke har lagt dokke te me ei flotte sia her, ramla tilfeldigvis øve nå når eg satt å surfa på nette.Masse go (røvar)historiar.hehe. E d du Sveinung så har fått deg nye hund, elle e d bror din si? Lykke te videre me siå å ikkje minst jaktå. Im watching you;)