Tuesday, September 30, 2008

Over bekken etter vatn?


Idag gjekk startskotet for Taien Jaktlag. Med samling av jegerar fra både Bergen og Trondheim låg alt til rette for ei kveldsjakt etter hjorten på Nesheim.


Då me skulle til å legge utpå med båten for å komme oss på post, vart ei kvit rumpe observert oppi lia. Dette var ikkje ein turgåer som måtte lette på trykket og det var heller ikkje ei kvige, nei, dette her var eit Rådyr.


Etter god planlegging fant me ut at me skulle snike på dyret. Eivind tok beina fatt og skulle følge langs vatnet og deretter over bekken der rådyret gjekk.


På vei mot bekken kjem rådyret ut av buskane og aner fred og ingen snare...

Thursday, September 18, 2008

Når gåsa er forbi, brøler hjorten snart i li...


Godt folk!

Det einaste som er positivt med at gåseflokkane er langt forbi våre danske venner i sør, er at det nærmer seg jaktstart her i nord etter hjort, rådyr, orrfugl, rype, ja rett å slett det meste!

Førstkommende helg er det klart for årets første jakt med eit nesten fullt jaktlag!

vel møtt!

Jegerhilsen