Sunday, January 20, 2008

Rådyrbukk på målstreken


Nokre ting er berre for godt til å vere sant. Draumar til dømes. Min draum på litle julafta var å skyta rådyrbukken i skogen, som har drive gjøn med oss i heile haust. Med 3 rådyr og to hjort bankande på samvitet, var det nesten pinleg å stå opp til sesongens siste jaktdag utan å ha felt eit einaste hjortevilt.



Me kom oss aldri i skogen for då mor signaliserte morgonstemning, så gjekk ikkje mindre enn 4 feite rådyr 300 meter frå skytegluggen på rommet. Dersom Jesus var den største gåva på julekvelden, så var i alle fall dette den største på lille julafta!



Medan jakthovding John Ragnar vakta dyra med kikkert og GPS, sneik S og E seg rundt i graset og venta på at rådyra skulle ta seg ei matpause.
Dei et vanlegvis 4 gonger i døgnet, og kviler seg imellomtida.
Mellomtida blei lang, og endte med at Eivind tok motet til seg, og gjekk ned i vasskanten og skaut den største bukken i historia. 19 kg slaktevekt, 1 cm tjukkt feittlag, og eit gevir som ikkje var større en ein tommelfinger.

No comments: