Thursday, March 20, 2008

Taien jaktlag veit kor haren hoppar!



Når norwegian legger ut billig-billetter er det bare ein ting å gjere: Ta fram almanakken og press, med stor kraft, inn ein tur på jakt til Sørøya! Dette gjorde yngste brødrene Susort. Hårfin balansering mellom obligatorisk fravær og eksamen på universitetet gjorde at me kunne reise ut på eventyr i vinterkledde Finnmark.

Billigbilletter er eit relativt begrep, og med litt komplikasjoner på Flesland gjorde at billetten til yngstebror Susort vart ein høvding og to dyrare. Med ei litt lettare lommebok landa me på Alta lufthavn godt fornøyde over å vere tilbake i Finnmark!

På Øytun vart me teke godt imot. Her fekk me både kaffislaberas, kost og losji. Torsdag morgon sette me kursen mot sørøya. Allerede etter ein times lang gåtur med ski, sekk og pulk hadde me observert 3 hare og 5 ryper, noko som gjorde at me begge fekk ei voldsom kløe i høgre peikefinger for å sei det sånn..

Fredag, lørdag og søndag var det jakt frå morgon til kveld.

Hare spratt
inn i kratt
hare datt

Med rifle og hagle var me eit bra og effektivt jaktlag og sjølv om mange harar klarte å lura oss begge lærte me etter ei stund kor haren hoppar. Dette resulterte i kjøtt i gryta kvar dag..

Etter gode dager på eventyr i finnmark måtte me tilbake til plikter som kalla. Sveinung måtte reise med første fly til trondheim for å rekke ein eksamen. Korleis denne eksamenen gjekk det kan ein tenke seg når eksamenslesinga var harejakt frå morgon til kveld..

Takk for ein flott tur og god Påske!

Sveinung med sekken full og vel så det..



Teltliv på vinteren er luksus!


Pulken var god til å frakte fangst og utstyr!

Endeleg rypemiddag!

Sunday, January 20, 2008

Storbukken på Nesheim


For å spe på med den dårlege fellingsprosenten i jaktlaget i år, har me kjøpt ein bukk og to geiter til mr. John. Han driv no storstilt avl, men har signalisert at bukken lever på lånt tid. Geitene er ferdig kryst, så då er det berre å rydja han or vegen. Han går berre der å et bark og luktar brunost likevel.. Siste nyhenda er at tambukkjakta startar og sluttar rundt påsketider.

Taien Jaktlag 2007: eit tilbakeblikk på fiskefronten


I ledige stunder, hender det at Taien Jaktlag tek seg tida til å fiske litt for å kople av frå jakt og fangst. 2007 vart eit kronår for fisket i bekken. Det hender laget dreg ut og driv fisketeljing i bekken. I år løyste me ein koden i bekken. Ein kode me har streva med i snart 15 år. Kor er storfisken om hausten? Når går han opp?
Svaret står skrive på biletet. Til lesarane si opplysing kan me fortelja et den var langt over kiloen, og er å få i vatnet til sommaren.

Rådyrbukk på målstreken


Nokre ting er berre for godt til å vere sant. Draumar til dømes. Min draum på litle julafta var å skyta rådyrbukken i skogen, som har drive gjøn med oss i heile haust. Med 3 rådyr og to hjort bankande på samvitet, var det nesten pinleg å stå opp til sesongens siste jaktdag utan å ha felt eit einaste hjortevilt.



Me kom oss aldri i skogen for då mor signaliserte morgonstemning, så gjekk ikkje mindre enn 4 feite rådyr 300 meter frå skytegluggen på rommet. Dersom Jesus var den største gåva på julekvelden, så var i alle fall dette den største på lille julafta!



Medan jakthovding John Ragnar vakta dyra med kikkert og GPS, sneik S og E seg rundt i graset og venta på at rådyra skulle ta seg ei matpause.
Dei et vanlegvis 4 gonger i døgnet, og kviler seg imellomtida.
Mellomtida blei lang, og endte med at Eivind tok motet til seg, og gjekk ned i vasskanten og skaut den største bukken i historia. 19 kg slaktevekt, 1 cm tjukkt feittlag, og eit gevir som ikkje var større en ein tommelfinger.

Mira Craig



Mira er den einaste jakthunden i jaktlaget foreløpig. Ho er ei ruvande pointertispe som aldri har jakta så godt som ho gjorde i finnmark i 2005. Like før jul viste jo gamle takter. Denne gongen på rugder i rugdeskogen på Nesheim. 20 fuglearbeider med ein felt fugl og tre skot, var resultatet, og Taien Jaktlag kjenner dei er svært stolte over å ha fostra opp ein slik formidabel hund.



Mira er nokså treig til å reisa fugl, fordi ho er stappfull av respekt for viltet, men når skotet går, går også alle sikringar for ein liten augneblink.
Stilen i stand er det derimot ingenting å seie på..


Sunday, January 06, 2008

Seint men godt!

Vil skildre denne siste jaktdagen på lille julafta med eit moderne dikt.


Sol gjennom vinduet

Rådyrflokk i kikkerten

Slapp å ete frukost.


Snik gjennom kvist og kvast

Pappa guider fra stova

2 jegere på post.


Beskjed på øyra

ser etter øyra


8 øyre

3 skudd

1 gevir

Avslappa og flott Julehøgtid!




takk for eit flott år!

Sunday, December 09, 2007

Heime ei helg for å studere..


Studiehelg heime før eksamen? ja, det blei det, men ikkje så mykje matte og kjemi blei studert. Yngste Susort blei sendt ut på studietur til jaktlaget i naboområdet. Tidleg laurdag morgon vart ei postrekke sett opp beståande av 7 skyttere og ein hund med driver. Kort tid etter at "Masi" vert sluppen laus kom losen.


Taktikken var god og etter nokre morgontimar datt et rådyrkje etter skudd fra Ørjan.


Taien jaktlags korrespondant ser fram til dei siste dagane i jakta og ynskjer ei god adventstund!


Saturday, November 10, 2007

Hjortefall på Taien!


Hele helga har et fullspekket Taien jaktlag drevet rundt i Nesheims skoger på jakt etter hjortdyr. På grunn av overraskende snøvær, ustabil vind og andre faktorer, skiftet hjorten tråkket sitt akkurat denne siste helga, og derfor ble lørdagen totalt resultatløst når man ser bort fra den fine turen og den trivelige pausen, noe som er fast inventar på Taien jaktlags eventyr.
Jubelen og misunnelsen var stor da vi hørte at Odd hadde felt en diger kolle i terrenget vårt på Taien, uten vår hjelp. Odd er dyktig!

Saturday, October 27, 2007

Hjortelias kjemper


Taien Jaktlag har aldri vore nærare hjortefall enn i år. Alle kjenner til Carls 100% sjanse med busken i veien, men sist helg gjekk det kaldt oppover ryggen på Sveinung då han såg ein diger kronhjort i jubelterrenget på Nesheim. Dette var av den store stygge typen som ein luktar når ein nermar seg. Lukta var så stram at det minte mest om geitebukken til Senior Susort. Eivind var lenge skråsikker på at dei to hjortane som spaserte mot posten sin ville gå innom han, men han slapp det: Ein joggar fant ut han ville springa tur übertidleg på morgonen, noko me i etterkant gjev han kritikk for.
Helga 10. november fell resten av kvota både i Vats og Tysvær

Monday, October 08, 2007

Når enden(e) er god er allting godt!


Denne helga har taien jaktlag opplevd det som er kan kallast siste dråpen i broen før det renn over. Både i jaktområdet på Nesheim og i Vats har det vært mye dyr og flere sjanser som fort kunne blitt middag for heile slekta.

Det heila starta på fredag i skumringa då Sigbjørn hadde fått nokre timar fri frå brannvakta. Han sette seg i bilen og køyrde straks til Nesheim. Tekstforfatter og gjestejeger Yngve fra Hemsedal kom akkurat med kystbussen og fikk slengt seg rundt og blitt med på Toppandjakt i Basseng F. Flokken på ti fløy rett over tårnet og det gjorde at to ender fikk akutte problemer med å holde høyden. Gleden var stor og Sigbjørn avslutta det hele med ein flott Stokkand-andrik.

Lørdags morgen var det klart for det mest organiserte drevet Taien jaktlag har hatt til nå. I alt var det 7 jegere som stilte med trøtte fjes og store forventninger for å jakte etter hjorten på Nesheim. Skyttere var Carl, Øystein Alf Ole og Eivind, og drivere var Olav, Yngve og Fred Ove. Første drev skapte ingen store sjanser, men ei kolle ble observert lenger inni området. Heller ikkje drev nr. 2 gav resultater i form av fall, men hjorten blei støkka opp av drivere og stakk desverre utenom postene.

Kveldsjakta har nok vært det beste denne helga. I vats har Carl sett dyr i kikkerten og ikkje kor som helst. To dyr kom gående forbi jakthytta nord for nordre såt, men Carl har sa til dei to: "Eg lyt ikkje skyta smårips som dykk, kom tilbake med noko større i morgon så kan me sjå!" Og det gjorde dei. Bukken kom med dei to dyra og gjekk i området rundt hytta. Carl hadde desverre ei bjørk mellom seg og bukken, og Alf Ole hadde også ei bjørk mellom seg og bukken.. og til slutt, sprang bukken... videre...

På nesheim er det ein solid stamme med rådyr. Dei går rundt på ekrene og aner fred og ingen stare.. Det er fint å vere rådyr på nesheim for tida... Verre er det nok å vere and. Dei skal bli til festmiddag i bergen i morgon.

Takk for ei flott helg og med gleder oss i Taien Jaktlag allereie til neste helg, då mellomste Susort kjem heim frå bartebyen for å bli med!

så då er det berre til å sette av helga 19. - 21. Oktober og bli med!

Eivind

Monday, October 01, 2007

Tiur i mosen

Hei
Må gratulere nevøene med nok en flott tur.
Jeg rakk selv en storfugl tur til Vilhelmina i Sverige (øst for Lierne).

I løpet av tre dager med en hund og to børser fikk vi 10 fugler:
1 tiur
3 røyer
3 orrhaner
1 orrhøne
2 liryper

Ikke verst selv om vi utviklet et par mindre sportslige taktikker som aldri skal stå på trykk.
Det putret av fugl og vi hørte og så mer enn hundre fugl på turen. Det rare var at de satt i tetta, i ca 20 år gammelt plantefelt, håpløst å skyte men behagelig korte distanser å gå. I år leide vi hytte på campingplass og kjørte inn i terrengene hver dag. Comfort-faktoren er mao på stigende kurs for senior-gruppa.

På hjemveien klarte vi å ta en 20 mil omvei..... Vi endte på en blindvei nord for utgangspunktet!
Vi oppdaget det da vi så fjellrypeterreng på ca 12-1300 meter: "De fjellene så vi ikke på vei opp..?" Da var vi altså i Borgfjället på grensa mot Norge øst for Børgefjell!

Ja, ja, fort gjort når man er opptatt med å løse verdensproblemer som klima....


beste hilsen

Onkel Ole

Friday, September 28, 2007

Taien jaktlag aner fugler i mosen


21-23 september hadde deler av taien jaktlag den årlige fjelljegerturen. Den skulle egentlig vært som ledere på jakt og friluftshelg med ungdomsforeningen i Rennebu, men det gikk i myra uka før, så saken var ikke verre enn at vi stakk til skogs til et nytt sted som var så bra at vi ikke kan si hvor det var, men at det var i nærheten av Forolhogna kan vi strekke oss til å røpe. Rypene var det smått med men du for en skogsfugl-skuddveksling det ble. Etter å ha beskutt flere pansrede STORfugl på relativt korte hold, greide til slutt junior Susort å felle ei gammal seig røy. Da hadde vi i lengre tid hatt følelsen av å gå rundt på en helikopterflyplass! Flaff flaff flaff!
Sveinung ble dessverre nødt til å felle en harepus i selvforsvar og fikk litt dårlig samvittighet etterpå.
Alt i alt var alle enige om at det hadde vært en fin tur.
Nå gjenstår årets HjorteJakt helga rundt 10. nov. Og rådyrjakta like før jul. I mellomtiden vil vi begrense oss til "klættjakt" som de sier i trøndelag. "Jakt her og der" Nyt høsten!

Sunday, June 10, 2007

Mens vi ventar på jakta..



Mens vi ventar på jakta er det fiske og viltstell som gjeld. Eivind prøvde seg på catch and release i Alta i beg. av juni, og slapp å sleppe ut meir enn 4 laksar. Sjå skildringa på : http://www.oytun.no/index.php?side=nyheter&view_type=4&article_type=3&article_number=979
God sommar!

Sunday, March 18, 2007

Villsvin paa Savannen..


Taien jaktlag har driv oppladning til haustjakta om dagen. Eivind har gjort reint bord paa soeroya i finnmachk i to veker, og forsynt seg av hare. Sveinung har skrive historie i afrika med to villsvin paa to jaktturer. Det hoyrest kanskje enkelt ut, men for aa sei det sann, saa trur eg at all kvoteflaks er brukt opp.. Legg merke til transportstanga. Akkurat som paa film!

Thursday, October 26, 2006

Hjorten lever fortsatt i beste velgående.

Taien Jaktlags jegerrapporter har uteblitt i hjorteliene. Tror det er noen som jobber mot oss. Etter en uke med ulike metoder og taktikker ble hjorten den som trakk det lengste gresstrået i år også. We will be back!
Plaster på såret er at nykommer Sigbjørn Toskedal har gjort rent bord på Nesheim og omsider gjort et beskjedent innhogg i den livskraftige andestammen, med intet ringere enn 3 ender på en kveld. To i ett skudd. Og alle var enige om at det hadde vært en fin tur, og at "det aller helst skulle vært meg".

Sunday, September 17, 2006

Taien fylles til randen av jegere


Nå som nettene blir kortare både i sør og nord er det ein ting som skjer... Jakta starter!

I den anledning vil eg invitere alle i Taien jaktlag eller andre som har tilknytning til Taien, noko som dykk alle har, til ein dag som vil skrive seg inn i historiebøkene i Grannar.

Planen er å få med så mange som mulig å drive hjorten til post, Då er det viktig at mange blir med på å drive/skremme hjorten og at dei som kan skyte tar seg av det. Trur du at du må vere musestille når du går på jakt denne dagen? Det må du altså ikkje, du kan prate om nye strikkemønster eller politikk, alt etter som.

Det blir diska opp med god lunsj og påsmurt i løpet av dagen, og som i alt anna er det viktig å ta ein god siesta når sola står på som mest.

Kjenner du at du har lyst å ta turen inn, men ikkje gå på jakt, ja då er det berre til å ta turen likevel, for o. Tor stiller med open gard kor ein kan få sjå både melkekyr, kalvar, sauer og ein labrador med ein eneståande snurr på halen, ein må reise langt for å få same muligheten.

Svar på denne mailen og du er med. Dagen det heile foregår bli mest sannsynlig Lørdag 7. Oktober.

me joikes

Monday, April 17, 2006

Startskuddet for Taien Jaktlags jegerblogg..


Der er me i gong med bloggen til Taien jaktlag, og ikkje overraskande har media allereie kasta seg over nyhenda "Taien jaktlag - no har dei sin eigen blogg" (Grannar 18. april 06)
"Taien jaktlag - kastar seg på den worldwide webben"( Stavanger aftenblad, påskeafta 2006)
"Taien jaktlag - går forbi www.tysværbygdeblad.no i antall besøk!" ( Tysvær Bygdeblad 6. april 2006)